Spelarar frå Vestlandet E-sport i aksjon

vestlandet e-sport

Våre spelarar finn balanse i livet for å lukkast i spelinga

Vestlandet E-sport er ein paraplyorganisasjon for klubbar og lag i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vi set spelarane i fokus og folkehelse først i utviklinga av klubbar og spelarar — slik at e-sport og gaming vert noko positivt for spelaren, familiane og samfunnet.

kven vi er

Med hjartet på rette staden

Spelarane i fokus – folkehelse først

VESP har frå starten teke nokre sentrale val om kva som er viktig for oss og klubbane våre: å sette spelarane i fokus og folkehelse først. Vi vil bidra til at spelarane våre vert individ i balanse, som manøvrerer seg gjennom utfordringar og moglegheiter med god kunnskap og gode haldningar. Saman med offentlege styresmakter, Idrettsforbundet, ei rekke ekspertar og klubbane skal vi ikkje berre etablere «beste praksis» — vi jaktar på «neste praksis». Vi skal ligge i forkant og løyse problem før dei oppstår!

Eit sterkt fellesskap

Saman er vi sterkare! VESP samlar klubbar som er like opptekne av nestekjærleik til dei andre klubbane i fellesskapet — «ein for alle og alle for ein». Anten du er heilt fersk klubb som treng oppstartshjelp, eller ein eliteklubb som satsar internasjonalt, skal du finne energi, inspirasjon og kunnskap i fellesskapet. Vi tek vare på gode krefter og gode prosessar, slik at alle vert høyrt og løysingane vert til i fellesskap.

Storleik gjev meir effekt

For å utgjere ein positiv skilnad held det ikkje å vere «konge i eiga bygd». Vi spreier gode haldningar og system slik at flest mogleg spelarar vert samla under ein paraply som ikkje er styrt av kyniske marknadskrefter, men som tek omsyn til kvar einskild spelar si mentale og fysiske helse. Eit stort mangfald gjer gaming og e-sport til noko positivt for familielivet, spelaren og samfunnet — lat oss slå eit slag for sunn gaming saman!

visste du at

Små grep – stor skilnad

01

Skjermen

Ein god skjerm beskyttar augene mot belastning.

02

Haldninga

Tap og vinn med same sinn.

03

Maskina

Ei rask maskin gjev deg maks ut av spelet.

04

Kroppen

Sittestilling og stol er viktig for kroppen over tid.

Våre samarbeidspartnarar

Kinn kommuneVestland fylkeskommuneNet PartnerMediebruketFrequency

Bli med i fellesskapet

Medlemskap i Vestlandet E-sport er gratis — for klubbar og lag i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Meld deg inn